Justering av bensinmotor

Forgassarar er ikkje så vanskelege å stille om du veit kva du gjer på. Først må du vite korleis ein forgassar fungerer, og korleis dei ulike innstillingane påverkar kvarandre. Veldig mange av bensinflya har på eit eller anna vis feil innstilt forgassar. Korleis høyrer ein dette? Jo, på eit eller anna stadie fire-taktar motoren under flyging. To-takts motorar er ikkje laga for å fire-takte! Fire-taktinga skuldast at blandinga er så rik at tennpluggen misser ei tenning. Dette får motoren til å høyrest ut som ein fire-takts. Heldigvis er to-taktsmotorar veldig tolerante for rike blandingar, og vil likevel fungere ok. Du brukar berre litt meir bensin enn vanleg, og lagar litt meir søl på flyet. Tennpluggen vert òg litt unødig tilsøla. Så, kvifor er det likevel så mange som har bensinmotorar som høyrest slik ut? Eit svar er at motoren vil starte mykje enklare når den er kald, OG der er lita eller ingen behov for oppvarmingstid før flyging. Dette er sjølvsagt ok grunnar, men faktumet er at motoren likevel ikkje går slik den er konstruert for å gjere.

  • Lav-nåla på ein Walbroforgassar er ALLTID nåla nærast motoren. Høg-nåla er den nærast luftinntaket/choken.
  • Det eksisterar ingen bensinjustering for tomgang, berre begrensing av lufttilførsel i form av tomgangsstoppen eller servoen.
  • Både lav- OG høg-nåla påverkar bensintilførselen under maksimalt turtal.

La oss justere ein Walbroforgassar!

  • Skru lav- og høg-nåla heilt igjen, og opne opp begge 1 til 1 1/2 omgang.
  • Sett på choke og prime slik at forgassaren er våt.
  • Start motoren, og la den varme seg litt opp.
  • Start med høg-nåla, sidan det er den enklaste av dei to. Gå til full gass, og juster høg-nåla til maksimalt turtal (bruk tachometer). La den gå slik ca eit minutt og sjå om turtalet endrar seg noko. Om blandinga vert for mager, opne opp lav-nåla litt. Dersom dette ikkje fungerer, så må du justere ventilnåla inne i forgassaren.
  • Om motoren går fint på maksimalt turtal, så trekk gassen gradvis ned heilt til motoren startar å fire-takte. Hold gassen der.
  • Juster lav-nåla heilt til fire-taktinga stoppar. Senk gassen ytterlegare heilt den startar å fire-takte igjen. Fortsett med denne prosedyren til du når tomgang.
  • No, frå tomgang; gass gradvis oppover heilt til motoren startar å nøle. Opne opp høg-nøla litt, akkurat nok til å fjerne nølinga.
  • Når du har gjort dette korrekt, skal du vere i stand til å sette gassen i ein vilkårleg posisjon utan at den fire-taktar. I tillegg vil du vere i stand til å fra gassen frå tomgang til maksimalt turtal utan nøling.