Artiklar

Her skal vi prøve å legge ut nyttig informasjon, som kan vere grei å lese gjennom både for nybegynnerar og meir erfarne. Modellflyging har vorte ein ganske teknisk hobby med åra, og både innan batteri, elektromotorar, gyroar, forbrenningsmotorar og radiosendarar skjer det ei revolusjonerande utvikling. Det vert enklare for nybegynnaren å starte frå skratch utan særleg hjelp, men samstundes vert det fort komplisert når ein skal prøve å få det maksimale potensialet ut frå utstyret. Særleg innan batteri er det lurt å sette seg inn i korleis Li-Po batteri og børstelause motorsystem fungerer. Med korrekt bruk har du eit kraftig motoroppsett i lang tid. Ved feil bruk har du potensielt ei farleg brannkjelde.