Vedtekter

Gloppen modellflyklubb
Anno 09.10.2012

§1. Klubben sitt føremål
Klubben sitt føremål er å vere eit samlingspunkt for personar med interesse innan modellflyging i Gloppen kommune og omegn, der samhandling, trivsel og sosialt samver skal stå i fokus. Klubben skal jobbe aktivt for å bringe slik aktivitet inn i kontrollerte former.

§2. Klubben sine aktivitetar
Klubben skal drive opplæring og trening i modellflyging, og bistå nye medlemmar. Klubben skal spreie opplysning om modellflyging, og vere synlege i lokalsamfunnet. Klubben skal jobbe aktivt for å skape eit attraktivt tilbod til dei som fell utanfor andre organiserte aktivitetar i kommunen.
Klubben skal tilrettelegge aktivitetane på ein måte som ikkje er til unødig sjenanse for omgjevandane, særleg med tanke på støy.
All organisert klubbaktivitet skal foregå i eit rusfritt miljø, og legge spesielt til rette for aktivitetar retta mot ungdom og rørslehemma.

§3. Styret
Klubben vert leia av eit styre valt på klubben sitt årsmøte, og styret er høgaste myndighet mellom årsmøta.
Styret er sett saman av følgande verv:

  • Leiar
  • Nestleiar
  • Kasserar
  • Styremedlem

For å vere vedtaksføre, må heile styret vere møtte. Beslutningar fattast med simpelt fleirtal. Det vert kalla inn til styremøte når minst eit av styremedlemmane krev det, og elles når styret ser behov for det. Styret sin leiar og kasserar signerer i klubben sitt namn, og kan dele ut prokura ved høve. Personar som signerer i klubben sitt namn må vere fylt 18 år.

§4. Val av styremedlemmar
Alle kandidatar vert valt for to år av gongen.
Leiar og styremedlem vert valt det ene året, og kasserar og nestleiar året etter. Overlapping av styremedlemmar gjerast for å skape kontinuitet i styret sitt arbeid.

§5. Styret sitt arbeid
Leiar har den daglege leiinga av klubben.
Det skal førast protokoll over alle styremøter og årsmøter. Kasserar fører klubben sitt rekneskap, og er ansvarlig for medlemslista. Klubben sine midlar vert sett på bankkonto. Styret er ansvarleg for planlegging, leiing og kontroll av praktisk fly- og klubbverksemd. Styret nedsetter dei utval og komitear som ansjåast som naudsynt, og kan tildele enkelte medlemmer tillitsverv for å ta seg av spesielle saker. Denne handlinga skal skje i nært samarbeid med- og etter godkjenning av styret.

§5a. Permanente tillitsverv
• Opplæring/tryggleiksansvarleg:
Styret vel ein ein opplæring/tryggleiksansvarleg som er ansvarlig for drift og planlegging av klubben sin opplæringsaktivitet. Personen skal påsjå at klubben til ei kvar tid har oppdaterte og relevante tryggleiksreglar.
• Teknisk ansvarleg
Styret vel ein teknisk ansvarleg som har ansvar for drift av flystripe og materiell som klubben disponerer.

§6. Medlemmar
Medlemskapet er først gyldig frå den dag kontingenten er betalt. Kontigenten vedtakast av årsmøtet. Alle medlemmar pliktar å overhalde klubben sine lover og reglar. Årsmøtet fastset klubben sitt øvre medlemstak. Medlemmar som ikkje overheld klubben sine lover og reglar, eller på andre måtar hindrar klubbaktivitetar, kan ekskluderast. Gjeldande medlem skal få inntil to skriftlege advarslar om kva forhold det gjeld, og om medlemmet bevisleg ikkje innrettar seg i henhold til pålegg fra styret, kan medlemmet ekskluderast etter einstemmig styrevedtak. Gloppen Modellflyklubb har ikkje støttemedlemskap, kun aktivt medlemskap.

§7. Kontingent – Utmelding
Kontingenten for kommande år vert fastsett av årsmøtet. Juniormedlemmar (inntil året ein fyller 18) betalar halv klubbkontingent, men må framleis betale NLF-kontigentdelen som normalt. Kontingent som vert betalt etter 1. oktober inkluderer medlemsskap for kommande år.
Medlemmar som skuldar kontingent, mistar sine rettigheter og vert strøken som medlem 30 dager etter betalingsfristen for gjeldande år. (Betalingsfristen vil normalt vere 1.mars.)

§8. Årsmøte
Årsmøtet er klubben sitt øverste organ, og vert halde kvart år innan utgangen av april. Innkalling skal skje med minst 14 dagars varsel. Alle medlemmer har stemmerett. Årsmøtet er vedtaksføre med det antall medlemmer som møter. Alle saker vert avgjort med simpelt fleirtall om ikkje anna er bestemt i desse vedtekter. Ved lik stemmefordeling, har styreleiar dobbelstemme.
Årsmøtet handsamar følgande saker :

  • Val av ordstyrer og referent
  • Val av to personar til å underskrive møteprotokoll
  • Godkjenning av innkalling og årsmelding
  • Presentasjon og godkjenning av rekneskap i revidert utgåve
  • Presentasjon og godkjenning av budsjett
  • Val av nytt styre
  • Val av revisor.
  • Fastsetting av kontigent
  • Handsaming av saker som skriftleg er oversendt styret minst 8 dagar før årsmøtet, og saker som styret ynskjer å legge fram for årsmøtet.

§9. Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinært årsmøte innkallast med 14 dagars varsel og haldast : – etter vedtak av ordinært årsmøte.
- etter vedtak av styret.
- når minst ein tredjedel av medlemmane krev dette.
Ekstraordinært årsmøte kan kun handsame den eller dei saker som er gitt i innkallinga.

§10. Vedtektsendringar.
Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore oppført på sakslista.
Vedtak krev minst 2/3 fleirtal hjå frammøtte medlemmar. Medlemmar som ikkje kan møte sjølv, kan levere skriftleg fullmakt.

§11. Oppløysing av klubben
For at klubben skal oppløyse seg sjølv, krevast det eit vedtak med minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte med stemmerett. Det skal då haldast eit ekstraordinært årsmøte ein månad seinare der vedtaket må gjentakast med 2/3 fleirtall av dei frammøtte med stemmerett. Vedtak om samanslutning med andre klubbar ansåast ikkje som oppløysing av klubben. Vedtektsendringar må då skje i samsvar med klubben sine opphavlege vedtekter.
I tilfelle oppløysing av klubben, skal nedbetaling av uteståande krav frå ev. kreditorar prioriterast. Resten av klubben sine verdier skal tilbakeførast til dei gyldige medlemmane, og fordelast likt mellom medlemmane.

Leave a Reply