Historikk

Det har vore modellflyaktivitet i Gloppen kommune sidan slutten av 70-talet, men det var først på 80-talet at aktiviteten tok seg opp og vart meir organisert. Det vart stifta ein klubb, Sandane modellflyklubb, og denne vart etterkvart lagt under Sandane Flyklubb som ei eiga avdeling.
Klubben var så heldige å få disponere Sandane Lufthamn Anda, og det var mykje aktivitet på flyplassen. Langfredagstreffet var ei årleg hending; dette var nemleg einaste dagen i året utan ordinær flytrafikk. Dette medførte at treffet vart eit kjent, årleg treff  der modellflypilotar frå store delar av vestlandet møtte opp for sosialt samver og spektakulær flyging.
Flystripa på Høylo vart brukt som landingsstripe for hangglider/paraglider, og det var på den måten av stripa etterkvart òg vart brukt som modellflystripe. Stripa vart først horva, strigla, tromla og sådd til i 1994, og har sidan den tid vore brukt mykje. Grunneigar har alltid vore velvillig, og vi er veldig heldige som kan disponere dette flotte arealet, med slike flotte omgjevnader!
Som resultat av terrorangrepet 9/11 i New York, vart tryggleiken på flyplassane kraftig stramma opp. Dette skapte problem for vidare bruk av lufthamna som modellflystripe. 2005 var siste året langfredagstreffet vart arrangert. Året etter satte nye tryggleiksrutinar ein stogg for det meste av modellflyging der.
Det har òg vore aktivitet på isen opp gjennom tida, både Veslevatnet, Gloppefjorden og Breimsvatnet har vore nytta.
Etter at det vart vedtatt at Sandane modellflyklubb skulle melde seg ut av NAK (ikkje utan diskusjon), vart det gradvis mindre aktivitet i miljøet. Truleg hadde utmeldinga eindel å seie i denne utviklinga. Sjølv om enkeltpersonar framleis var aktive, forsvann mykje av klubbmiljøet. Det var såleis ikkje aktivitet i klubben sidan 2006. Sandane modellflyklubb var aldri registrert via Brønnøysundregistreret som sjølvstendig foreining.
Frå 2010 tok aktiviteten seg litt opp. Ein fekk nye, ferske pilotar inn i miljøet, og det kom  etter kvart eit ynskje om å organisere aktiviteten betre. Med løpande driftskostnadar og ynskje om investeringar, var det greit å samlast til eit skipingsmøte og legge ein felles plan for framtida. I september 2012 vart stripa pløgd opp og sådd til på nytt. Etter avtale med grunneigar vart breidda utvida litt, og vi har no betre plass til parkering. I tillegg har vi dratt depotet litt lengre mot sør, slik at tryggleiken vert betre for dei som ser på.
9.oktober 2012 vart klubben offisielt skipa, og vedtektene godtkjent. Klubben er registrert i Einingsregisteret og Frivillighetsregisteret,  samt i Norsk Tipping sin grasrotandel. No kan arbeidet starte, det er mykje som skal på plass utover vinteren slik at vi kan møte vel førebudde til sesongen 2013. Nettside, sponsorar, tryggleiksrutinar, samarbeidsavtalar og ein plan for korleis vi skal utvikle oss. Vi har fått oss ein flott logo, designa av Marie Støyva.

Leave a Reply