BLI MEDLEM

Kva får eg som medlem?
Som medlem får du ei rekke fordelar:
- Du vert medlem av eit flott miljø med andre som delar samme lidenskap, der sosialt felleskap, humor og spenning står i fokus.
- Du kan dra nytte av medlemmane si rike erfaring, og såleis unngå klassiske nybegynnarfeil.
- Du har løyve til å disponere flystripa vår på Høylo, med dei bruksvilkår som gjeld der.
- Du nyt godt av alle spesialavtalar som vert inngått for klubben sine medlemmar (td rabattar). Vi har pr. dags dato gode rabattavtalar med Skala1 og RCpro.
- Du har talerett og stemmerett på årsmøtet.
- Du har høve til å legge ut informasjon og skrive innlegg/byggeblogg på klubben si nettside.

Klubben jobbar mot å bli tilknyta NLF (Norsk luftsportforbund). Denne prosessen er vi i gang med, men det tek litt tid før dette er i orden. (Som medlem i NLF får du mellom anna medlemsbladet Modellflyinformasjon, samt ei forsikring som dekkar skadar på tredjeparts person og utstyr. I tillegg er NLF tilknyta Norsk Idrettsforbund, med dei medlemsavtalar som gjeld der.)

Korleis melder eg meg inn?
Om du ynskjer å bli medlem i Gloppen modellflyklubb, gjer følgande:
Send ein e-post til post@gloppenmodellfly.no der du opplyser om følgande:
- Fullt namn
– Adresse
– Mobil
– E-post
– Alder
Medlemskontigenten er på kr 1500,- pr år, og skal betalast til kontonr. 3705.22.66301.
Juniormedlemmar (under 18 år) betalar kr 450,- pr år.