Val av første fly

Ditt val som førstefly kan ha stor innverknad for vidare uvikling innan hobbyen. Vel du eit feil type fly, risikerer du å gå på ein smell (bokstavleg talt) og kanskje miste lysta på å halde fram. Om du vel riktig modell, får du eit fly som er lett å fly, lett å reparere, og som gjev deg lyst på vidare satsing.

Modellflyging er for dei spesielt utvalde. Flesteparten som prøver seg, sluttar etter kort tid. Fråfallet er stort. Difor er det viktig at du får ein god start, og at dine første opplevingar vert så positive at dei gjev meirsmak. Uansett val av fly; to viktige råd er:

Få hjelp
Det er ikkje lett å sette seg inn i alt det nye. Modellfly er til dels ganske tekniske farkostar, og det skal ikkje mykje slurv/feilkopling til før resultatet vert katastrofalt. Få hjelp med nokon erfarne, slik at dei kan sjå over modellen din før du tek av første gong. Då unngår du klassiske feil som
- reversering av balanseror (medfører livslangt medlemskap i balanserorsklubben)
- reversering av høgdreror (medfører livslangt medlemskap i høgderorsklubben)
- feil tyngdepunkt (framtung modell flyr alltid, ein baktung modell flyr kun ein gong)
- rorflater som løsnar pga mangelfull innfesting.

Øv på simulator først
Du skapar mykje frustrasjon, pengar og reparasjonar ved å investere i ein dugandes flysimulator. Dei timane du legg att på simulator, får du mangefaldig tilbake i form av reell flytid. Berre hugs at for å få best utbytte av simulator, så bør du behandle den som ein simulator; ikkje eit spel. Ikkje fall for freistinga å gruse modellen gong på gong, utan tankar om kvifor du grusar den. Det er lett å øve inn uvanar på simulator, og slike tek ofte lang tid å avlære. Sjølv om ein kan starte rett på simulator utan hjelp, vil det uansett vere ein fordel å få litt hjelp i starten. Dette hovudsakleg for å unngå uvanar, samt få ei kjapp forklaring på korleis ting fungerer, og kva som er ulikskapen mellom ein simulatormodell og ein ekte modell.
Du får fleire ulike simulatorar. Dei to mest brukte er Realflight og Phoenix. Dei er nokså like, men tradisjonelt sett vert det ofte påpeika at Realflight er best på fly, medan Phoenix er best på helikopter. Realflight har inkludert ein usb-sendar, medan Phoenix ofte kjem utan sendar, eller med ein Spektrum DX5e-sendar. Denne sendaren kan faktisk brukast både til simulatoren og ditt første fly. Realflight har betalte oppgraderingar, medan Phoenix sine er gratis. Utvalet av modellar er stort på begge typane, og som nybegynnar er ingen av desse simulatorane eit dårleg val.
Fordelen av å bruke simulator er faktisk så stor at eg vil anbefale at du kjøper simulator FØR du investerer i din første modell!

Høgvinga eller lågvinga?
Den tradisjonelle traineren (nybegynnarfly) er høgvinga, og har gjerne ein vingeprofil og vingeform som gjer at det er stabilt i lufta, til dels sjølvopprettande, og nokså lite sensitivt for vindedropp ved låg hastighet. Desse modellane er ikkje særleg akrobatiske, pga nokså små rørflater og kraftig vingeprofil, men er ypperlege til å få inn dei mest grunnleggane teknikkane. Lågvinga modellar er ofte meir sporty i utsjånad, men er litt meir krevandes å fly. Landingane bør sitte godt, då farta på desse modellane ofte er litt større. Unngå lågvinga modellar som ditt førstefly.

Nasehjul eller halehjul?
Mange nybegynnarmodellar har ofte nasehjul, men desse er diverre ganske utsatte under harde landingar. Det er difor anbefalt å heller satse på ein modell med halehjul, då desse er meir tilgivelege under landing. Nokre modellar er laga for å buklandast på grus eller i gras. Desse kan vere eit veldig godt val!

Vingeprofil
Tradisjonelle vingar har ofte ei nokså flat underside, og ei krumma overside. Dette fører til nokså stort løft, men fører til at modellen flyg nokså dårleg inverted (opp-ned). Vanlege trainerar har som oftast standard vingeprofil. Akromodellar har ofte symmetrisk vingeprofil, dvs at profilen er lik over og under. Slike modellar er mindre stabile, men difor òg mykje meir akrobatiske. Stabile nybegynnarmodellar har òg ofte ei ekstra krumming ytterst på vingen (lengst frå kroppen). Dette gjer at denne delen av vingen framleis gir løft dersom resten av vingen stallar. Difor er slike modellar veldig stabile mtp stalling i låg hastighet.

Elektrisk eller nitro?
Den tradisjonelle traineren var høgvinga, med balsavingar og nitromotor. Med den elektriske revolusjonen endra mykje seg. Det er no mogleg å få elektriske modellar med meir enn nok kraft, som samtidig er lette å bygge, vedlikehalde og drifte. Børstelause elektromotorar har ført til at nybegynnaren kjem seg i lufta i løpet av kort tid, utan å måtte sette seg inn i nitromotorar, innstilling av forgassarnåler etc… Dei fleste nybegynnarsett kjem med ferdig installert motor og speedcontroller, og lar seg montere på svært kort tid.

Storleik
Små fly er meir sensitive for vind, og krev difor rolege forhold for å fly bra. Men vekta er låg, og ein tur i bakken er ofte relativt udramatisk. Større fly er meir stabile, flyr meir nøyaktig, og er mindre sensitive for vind. Dei er òg mykje enklare å sjå på litt avstand. Men vekta er høgare, og dermed er det større sjanse for å øydelegge modellen ved ei uheldig landing eller krasj. God nybegynnarstorleik er ca 1.4m vingespenn. Då kan du få ein modell som veg i overkant av eit kilo, og er fin og stabil i lufta.

Foam eller balsa?
Før var balsa, plast og glasfiber hovudmaterialet i fly. Balsa er veldig sterkt i forhold til vekta, men er vanskeleg å reparere. Dette fordi det ofte knuser/sprekk i mange bitar. Nye moderne foam-materiale (“isopor”) er råbra til nybegynnarfly. Ikkje forveksle desse materiala med vanleg isopor (styroform). Det mest brukte er EPP og EPO. EPO er den sterkaste varianten. Dette skumplastmaterialet er seigt, sterkt, nokså lett og lett å lime saman om du er uheldig. Som oftast tek det kun nokre minutt å fikse ein skada vinge. Depron vert ofte brukt til små, lette innandørsmodellar. Desse er veldig tynne og lette, men tåler veldig lite. Eit godt innandørsfly på 80cm vingespenn kan då få ned i rundt 150gr flyvekt!

Konklusjon
Så; kva er ein god nybegynnarmodell?
Eit godt val kan vere ein EPO-modell på rundt 1.4m vingespenn, med 3S motoroppsett, og sjølvopprettande vingeprofil. Ein får slike modellar med ryggmontert propell (pusherpropell), og mange av desse er laga for å buklandast utan understell. Desse modellane er geniale! Dei seglar godt, og kan landast i låg hastighet. Med ein slik modell kan du bruke motoren for å kome deg høgt opp i lufta, og deretter glidefly ned i roleg tempa. Med eit 2000mAh-batteri kan du ha eit slik fly i lufta i godt over 20 min. Kjente modellar er Cloudsfly, AXN Floater-Jet og Hobbyking Bixler.

Ein veldig god 1.4m nybegynnarmodell i EPO. Utan understell, og med godt beskytta propell. Her får du mykje for pengane!