Flystripa

Gloppen modellflyklubb disponerer ei flystripe på Høylo, i nærleiken av Byrkjelo. Vegen ned til stripa er grusa, og det er høve til parkering i nær tilknyting til stripa.
Stripa er av gras, og er omlag 15×90 meter. Vi har nokså gode forhold, med sola i ryggen stort sett heile tida (med unntak av sein kveld).

Flysektoren er god, med stor sikkerhetssone og lite bygningsmasser i nærleiken. Stripa eignar seg for flyging med dei fleste typar modellar, med unntak av jet (pga lengda). 50cc-modellar og større er ingen problem, men som alltid bør ein jobbe med å halde støyen nede på så låg nivå som mogleg. Støy er vår (og våre naboar) sitt potensielt største problem, sjølv om vi ikkje har fått mange klagar på Høylo.


Vis større kart

Leave a Reply