LiPo og tryggleik

Oversatt frå www.icharger.co.nz av Runar Sandnes

LiPo-batteri er ein fantastisk måte å lagre energi til radiostyrte farkostar. Dei er gode fordi dei kan lagre opptil 350% meir energi enn eit typisk NiCd/NiMh-batteri, og veg 10-20% mindre. Dei kan òg bli utlada med mykje større straumtrekk enn NiCd/NiMh, og kan bli lada opp full på ca ein time. LiPo-batteri utviklar heller ikkje batteriminne eller mister spenning under lagring, og treng heller ikkje ladast heilt ut før opplading.

Men LiPo-batteri er ikkje pefekte. Mishandling av slike batteri kan føre til brann, eksplosjonar og innhalering av giftig røyk. Vi skal no ta for oss tryggleiksrutinar kntta til lading, handtering og lagring av LiPo-batteri. Nokre punkt er rimeleg logiske, men det er ofte desse logiske punkta som vert oversett.

Lading av LiPo-batteri krev veldig spesielle laderar, og ein må såleis KUN bruke eigna laderar til denne typen batteri. Vi anbefalar berre lading med balansering til LiPo. Alle gode LiPo-batteri kjem med to sett ledningar. Hovudledninga (lading/utlading) med batteriplugg, og balanseringsledningar med balanseringsplugg. Ved bruk av ein datastyrt ladar, forsikrar ein seg om at alle cellene i batteriet har samme spenning. Riktig og lik spenning på kvar celle er kristisk for at batteriet skal fungere optimalt.

1S, eller 1 cellers LiPo har ei nominell spenning  på 3.7v. Når det er fullada, er spenninga på 4.2v. Eit utlada batteri bør aldri ha lågare enn 3.0v pr. celle. Basert på denne logikken vil eit 5S4P-batteri bestå av 5 celler kopla saman i serie, og 4 slike kopla i parallell. Sidan kvar celle er 3.7v nominelt, har eit 5S LiPo-batteri ei nominell spenning på 18.5v, fullada til 21.0v, og er fullt utlada ved 15.0v.

Når ein ladar LiPo-batteri, bør det ladast med samme volt som total spenning på batteriet, eit 5S4P batteri skal difor ladast som eit 5-cellers batteri.

LiPo-ladaren må vere i stand til å takle det antal celler du ladar. Ein god dataladar vil automatisk registrere antal celler, medan dei billegare typane krev at du definerer dette manuelt.

Ladarar som automatisk registrerer antal celler på batteriet kan nokon gongar måle feil. Ladarane brukar spenninga på batteriet til å bestemme antal celler, og dersom batteriet er full opplada eller har ei lavare spenning enn det skal ha, kan den lese antal celler feil. Difor er det viktig at ein sjekkar at antal celler på displayet på ladaren stemmer overeins med antal celler på batteriet.

Ved å undersøke dine behov litt nærare, og investere i ein god LiPo-ladar, så vil du i det lengre løp kome betre ut av det økonomisk, og du vil kunne lade batteria dine på ein meri oversiktleg og tryggare måte.

Ladetips for LiPo-batteri 

  • Bruk alltid ein ladar berekna for LiPo.
  • Dobbelsjekk at innstillingane på ladaren stemmer overeins med batteriet. Dette inkluderer antal celler og ladestyrke. Generelt sett skal LiPo-batteri aldri ladast til meir enn 4.2v pr celle, eller ladast ut til under 3.0v pr celle.
  • Forsikre deg om at ladeledningane er satt i med korrekt polaritet. Feil polaritet kan føre til øydelagte celler eller brann.
  • Lad alltid LiPo på brannsikre overflater, td betong, stål, keramikk eller stein. Bordplater av tre og golv med tepper er ikkje anbefalt.
  • Lad ikkje batteria nær brennbart materiale eller væsker.
  • Lad aldri eit LiPo-batteri når det står i modellen eller anna elektronisk utstyr. Om batteriet tek fyr, kan det føre til totaløydelegging av modellen.
  • LiPo-batteri bør ladast med ein ambient temperatur på mellom 0 og 50 grader Celsius. Batteri som vert lada under varmare eller kaldare forhold kan starte å leke, generere for mykje varme eller få øydelagde celler.
  • Gå aldri ifrå eit LiPo-batter under lading!
  • Lad aldri batteri inni ein bil, spesielt når du køyrer.
  • Ikkje lagre batteri i bilen.
  • Om du er usikker på anbefalt ladestyrke, ikkje lad batteria på meir enn 1C (dvs 1x batteripakken sin kapasitet).
  • Lad aldri eit LiPo-batteri som har svella opp på grunn av overlading/overutlading eller som følge av skadar frå ein kræsj.
  • Lad aldri eit batteri som er punktert, eller har fått skadar i kræsj.
  • Aldri, under nokon omstende, la pluss og minuspolane på batterie berøre kvarandre. Dette kan føre til øydelagde celler, brann eller eksplosjon.
  • Ha alltid eit brannapparat i nærleiken av ladestaden, ev. ei stor bøtte med sand. Ikkje prøv å sløkke eit brennande LiPo-batteri med vatn.
  • Om du legg merke til at LiPo-batteriet svell opp under lading, stopp ladeprosessen umiddelbart, plasser batteriet på ein brannsikker plass og følg nøye med i ca 15 minutt.
  • Lad alltid LiPo-batteria dine i ein LiPo-ladepose.

Handtering og lagring av LiPo-batteri

  • Oppbevar LiPo-batteri langt utanfor rekkevidde for ungar.
  • Oppbevar aldri batteri i lommer eller vesker på ein slik måte at dei kan kortslutte.
  • Oppbevar eller transporter aldri batteri slik at dei kan kome i kontakt med skarpe eller metalliske gjenstandar.
  • Oppbevar aldri batteria i ekstreme temperaturar under 0, eller over 50 grader Celsius,
  • Oppbevar ALLTID LiPo-batteri i trygge og flammesikre oppbevaringskasser, i god avstand frå brennande material. Ein LiPo-sekk og/eller beholder av metall/keramikk er best.
  • Oppbevar alltid LiPo-batteri delvis opplada. Dei held best om dei er lagra på rundt 40-60% kapasitet. Ein treng ikkje sykle batteria, med mindre lagringstida ver lengre enn 3-6 månader.
  • Ikkje utsett batteria for vatn eller fuktig miljø.
  • Ikkje kast øydelagde batteri i flammar eller på bål.
  • Om du skal sende batteri i posten, lad dei alltid ut til ca 30% kapasitet for sikkerhets skuld.
  • Når batteri vert lagra i lengre periodar, lad dei til omlag 50% kapasitet (eller omlag rundt 3.85v pr celle).
  • For å destruere eit LiPo-batteri, lad batteria heilt ut, og legg dei i ei bøtte med saltvatn i ca ei veke. Deretter kan du levere batteria til eit godkjent mottak for batteri (elektrobutikk eller avfallsstasjon).

Til slutt, følg alltid produsenten sine tryggleiksinstruksjonar og retningsliner for lading. Ikkje berre for å sikre batteria eit langt liv, men òg for din eigen tryggleik.