Luftetur i vindkast

Sjølv om vèrmeldingane veksla voldsomt, såg det ut til at vi kunne få nokre timar med opplett søndag formiddag, første helga i august. Ei god anledning til å få klippa stripa skikkeleg med den nye klipparen vår, samt å lufte nokre modellar i vindkasta.

Pilotar og publikum på stripa.

Pilotar og publikum på stripa.

I dag vart stripa klippa med nye klipparen vår, samt at vi har starta og stusse ned litt det lange graset i depotområdet. Det ser mykje betre ut med ein gong, og klipparen fungerte bra, sjølv om vi ikkje har fått oppsamlaren enno. Dermed vart det raking for hand, men det gjekk raskt og effektivt. Stripa er òg gjødsla no, så då får vi håpe at graset held fram med å spire, og at mosen ikkje får grobotn.

Eivind rakar medan Martin slår med klipparen.

Eivind rakar medan Martin slår med klipparen.

Ellers hadde vi òg med diverse leikety. Sjølv om det var ein del vind, og regnet dopla ned no og då, så var det òg litt sol og lune forhold. Martin flaug med JR Vibe .50, Christen Eagle (med 4takts Saito), samt ein epo-3d modell. Runar flaug sin RS352 (Sbach) frå RC-Factory (1.2m epo). Ola hadde med sin DJI Phantom. Freddy hadde jomfrutur på sin Clouds Fly. Litt kvalitetssjekk før oppstart (litt reversering av kanalar etc.), og så var det å få den i lufta. Ola tok første turen, og så fekk Freddy sleppe til bak stikkene. Det gjekk riktig så bra, og dette gav nok meirsmak! Landingane er alltid litt tricky når det er vind, så det var det greit at Ola tok desse.

Freddy flyr sin Clouds Fly.

Freddy flyr sin Clouds Fly.

Sjølv om forholda ikkje var heilt ideelle, så var det godt å få lufta seg litt likevel. Vi treng fleire slike dagar nå utover hausten!

Comments are closed.