Fagernes Flyshow 2013

Fagernes Flyshow er Noregs største modellflytreff på is, og vert årleg arrangert i mars, på isen på Strandefjorden (rett utanfor Fagernes sentrum). Treffet samlar modellflygarar frå heile landet, og her får du sjå det råaste og beste av dei beste. Treffet er dominert av propellfolk (3D) og jetfolk, med litt innslag av warbirds og andre kategoriar. Noko særleg helikoptertreff har vel aldri Fagernes Flyshow vert, og treffet er heller ikkjesærleg tilrettelagt for det. Men for pilotar med propell- og jetframdrift er forholda ypperlege. Lang landingsstripe, god logistikk og køsystem i depot, og ryddige forhold på alle måtar.

Det er mange høgdepunkt på eit slikt treff, og mange imponerande pilotprestasjonar. Noko av det råaste i år var ein Opus-V glidar frå PAF, med Kolibri jetmotor (ein av dei minste turbinmotorane ein får til modellbruk). Denne hadde eit vingespenn på rundt 2 meter og ein topphastighet på ca 450 km/t. Vingen var berekna for å tåle belasting på rundt 100G. Ganske rått å sjå på, slik flyging krev sjølvsagt djup konsentrasjon! Eit blunk på feil tidspunkt, og modellen er praktisk talt usynleg…

Ellers var det mange store og flotte bensinmodellar, dei største med 4-sylindra motorar på godt over 200ccm. Fascinerande å sjå korleis gode pilotar behandlar desse om depronfly, få meter over bakken.

I år traff eg ein fin gjeng frå miljøet i Førde/Naustdal, og vi snakka litt klubb og samarbeid. Vi må definitivt prøve å få til eit fylkestreff i løpet av året, der vi kan samle så mange som mogleg frå dei ulike miljøa rundt om i kommunane.

Det er greit å ta seg ein tur til Fagernes ein gong i året for å få konstatert at ein stort sett, i motsetning til enkelte andre, trass alt er ganske normal! Kan anbefalast!

Comments are closed.