Flyging på Ryssdalsvatnet

Terje og Andreas måka til ei flott flystripe (med depotområdet, taxingstripe, avisningsområde mm) på Ryssdalsvatnet for nokre veker sidan, og her har det vore litt aktivitet i helgane. Ryssdalsvatnet ligg fint til, innekransa av Ryssdalshornet og terrenget rundt. Det fører til litt ekko i fjellsida, noko som sjølvsagt berre er tøft!

Søndag 24.februar var det flyging der, og vi var ein god gjeng som møtte opp, i tillegg til eindel publikum. Arnstein tok turen frå Vågsøy.
Det var flyging med både fly og helikopter, og det var som alltid mykje moro. Terje har satt seg eit ambisiøst mål om å kapre tittelen “Årets harde landing”, og la inn eit knallsterkt bidrag allereie tidleg i sesongen. Dette inspirerer sjølvsagt oss andre, og vi håper at Terje får konkurranse utover sesongen. (Sjølv om landinga kanskje ser mistenkeleg ut som eit kræsj, har Terje på det sterkaste avvist dette. Dette fordi 95% av delane befann seg innanfor ein radius på 10x vingespennet).

Comments are closed.