Isflyging på Gloppefjorden

Endeleg er Gloppefjorden frøsen til tjukk, sikker og blank stålis. Då er det på tide og kaste skøytene på hylla, leite fram isbroddane og ta seg ein tur på isen. I dag var vi 5 stk frå klubben som flaug. Martin flaug BeeGee og JR Airskipper .50, Ola flaug Icon A5, Terje og Andreas flaug Corsair, medan Runar flaug RS352 (acrofly), T-Rex 500 og T-Rex 700. Skal vi bli kjente i lokalsamfunnet, er det viktig å vise seg litt fram slik at folk ser kva vi held på med, og at vi i det heile tatt finst! Sjølv om det etterkvart vart mange folk på isen, heldt folk på fornuftig avstand. Men heldigvis kom mange bortom for å slå av ein prat. Kjekt å sjå at så mange unge fatta interesse, det er særleg desse vi må huke tak i!

Det kan vere litt utfordrande å fly på slike folkerike plassar, så derfor var det nok lurt å starte med dei største modellane når det var minst folk. Vi var heldige med vèret, og sola dukka tidvis opp bak fjella. Om ikkje lenge kliv den fjella heilt, og då vert det retteleg så koseleg på isen! Vi får håpe at isen held seg ei stund, for dette var artig!

Comments are closed.