Strålande dag på Høylo

Søndag 25.08.2013 fekk vi besøk av av ein gjeng frå Sunnfjord (Bjarte Indrebø, Roy Inge Mjell og Ole Gunnar Båtevik). Takk for besøket, det var veldig kjekt at De ville ta turen!
I tillegg stilte vi med ein solid gjeng, så det vart ein veldig hyggeleg dag med mykje bra flyging. Det var litt trekk i lufta, men ikkje meir enn at det heldt myggen unna. Martin fekk to turar med Pitts-en, og karane frå Sunnfjord imponerte med 3D-flyginga si. Stripa vår vert no i utgangspunktet slått to gongar i veka, og det gjev resultat. Gode landingsforhold for det meste av modellar.

Modellane som vart nytta på stripa.

Modellane som vart nytta på stripa.

Martin viser stolt kor mykje større Pitts-en hans er enn Gunnar sin Beast.

Martin viser stolt kor mykje større Pitts-en hans er enn Gunnar sin Beast.

Flott stripe, flotte modellar.

Flott stripe, flotte modellar.

Martin sin Pitts med 55cc motor (bensin).

Martin sin Pitts med 55cc motor (bensin).

Nokre pilotar har engasjert eigne crewarbeidarar.

Nokre pilotar har engasjert eigne crewarbeidarar.

Martin og Terje gjer Pitts-en klar for neste tur.

Martin og Terje gjer Pitts-en klar for neste tur.

Martin med sin JR Vibe .50-size.

Martin med sin JR Vibe .50-size.

Mykje glede i få gram balsa.

Mykje glede i få gram balsa.

Runar flyr sin RC-Factory Sbach (epo).

Runar flyr sin RC-Factory Sbach (epo).

RC-Factory

RC-Factory

Martin sin JR Sylphide (90-size) med F3C skalakropp.

Martin sin JR Sylphide (90-size) med F3C skalakropp.

Bjarte Indrebø in T-Rex 600N.

Bjarte Indrebø in T-Rex 600N.

Roy Inge Mjell gjer klar sin Compass 7HV.

Roy Inge Mjell gjer klar sin Compass 7HV.

Nydeleg vèr på stripa.

Nydeleg vèr på stripa.

Luftetur i vindkast

Sjølv om vèrmeldingane veksla voldsomt, såg det ut til at vi kunne få nokre timar med opplett søndag formiddag, første helga i august. Ei god anledning til å få klippa stripa skikkeleg med den nye klipparen vår, samt å lufte nokre modellar i vindkasta.

Pilotar og publikum på stripa.

Pilotar og publikum på stripa.

I dag vart stripa klippa med nye klipparen vår, samt at vi har starta og stusse ned litt det lange graset i depotområdet. Det ser mykje betre ut med ein gong, og klipparen fungerte bra, sjølv om vi ikkje har fått oppsamlaren enno. Dermed vart det raking for hand, men det gjekk raskt og effektivt. Stripa er òg gjødsla no, så då får vi håpe at graset held fram med å spire, og at mosen ikkje får grobotn.

Eivind rakar medan Martin slår med klipparen.

Eivind rakar medan Martin slår med klipparen.

Ellers hadde vi òg med diverse leikety. Sjølv om det var ein del vind, og regnet dopla ned no og då, så var det òg litt sol og lune forhold. Martin flaug med JR Vibe .50, Christen Eagle (med 4takts Saito), samt ein epo-3d modell. Runar flaug sin RS352 (Sbach) frå RC-Factory (1.2m epo). Ola hadde med sin DJI Phantom. Freddy hadde jomfrutur på sin Clouds Fly. Litt kvalitetssjekk før oppstart (litt reversering av kanalar etc.), og så var det å få den i lufta. Ola tok første turen, og så fekk Freddy sleppe til bak stikkene. Det gjekk riktig så bra, og dette gav nok meirsmak! Landingane er alltid litt tricky når det er vind, så det var det greit at Ola tok desse.

Freddy flyr sin Clouds Fly.

Freddy flyr sin Clouds Fly.

Sjølv om forholda ikkje var heilt ideelle, så var det godt å få lufta seg litt likevel. Vi treng fleire slike dagar nå utover hausten!

Aktivitet på Høylo

Stripa har grodd til ok i løpet av sommaren, utfordringa har vel vore å få slått den tilstrekkeleg. Dette skuldast problem med den gamle klipparen. No er det investert i ny traktorklippar, så då vert det forhåpentlegvis meir regelmessig klipping etterkvart. Vi må slenge litt jord og sand enkelte stadar på stripa, og kanskje etterså litt. Men elles ser det bra ut etterkvart. Benkane er oppstramma og nybeisa.

Action på Høylo

Andreas tek ein lowpass til ære for fotografen.

Aktiviteten sålangt i sommar har vore prega litt av dårleg vèr og mykje aktivitet elles, men det har vore veldig flott dei gongane vi har vore der. Klubben har fått tildelt 3000,- i kommunale kulturmidlar for 2013. Dette kjem godt med til utvikling av anlegget og tilbodet generelt sett!

Klubben har no 10 betalande medlemmer, og vi må gjere ein liten jobb for å rekruttere nye medlemmar, særleg i den yngre aldersgruppa, samt reaktivere dei som tidlegare har vore aktive.

Vi har òg god kontakt med andre modellflyklubbar i nærleiken, og har òg hatt besøk frå medlemmar på Høylo. Det er veldig artig, og vi set pris på dei som tek turen! Og så får vi prøve å gjere det samme!